Brannsjefen får mange telefonar. Svaret er det same. – St. Hans-bålet er avlyst i år
Litt nedbør dei siste dagane endrar ikkje fyringsforbodet i Vest-Telemark.
Brannsjef Torbjørn Lia vil ikkje sjå nokre St. Hans-bål rundt om i Vest-Telemark i morgon.
– Det er framleis generelt fyringsforbod. Eg har hatt mange telefonar med spørsmål om løyve til å fyre, men det er altså ikkje lov, er Lia klar på.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har ikkje kome nok nedbør og det blir varmt både i dag og i morgon, sa han då VTB snakka med han torsdag ettermiddag.
Han seier det må fleire dagar til med samanhengande regn for at det skal hjelpe. Sjølv om det er lokale variasjonar, har væta knapt trekt ned i jorda mange stader.
I føresegna står det: «Det er forbode å gjere opp eld som å brenne bål, bruke grill, stormkjøkken, andre kokeapparat, bålpanner og anna brenning med fast brensel (ved, kol, brikettar, gras, greiner o.l.) i skog og anna utmark, samt innmark». Det blir spesifisert at forbodet også gjeld sankthansbål og tilrettelagte bål- og grillplassar
Det er unntak for grilling i eigen hage, på parkeringsplassar, skulegardar og idrettsplassar som ikkje er i eller i nærleiken av skog og anna utmark.