I Hellas: Stian Sohlberg (t.v.) , Skien brannvesen, Per Wraa, skogbranntroppen, Olav Inge Nordbø, skogbranntroppen og Svein Osmund Aasen, Skien brannvesen er blant telemarkingane som har hjelpt med å sløkke brann i Hellas.
Privat
Brennheitt for vesttelar i utlandet
Det har vore oppi 58 grader i sola der vesttelar i august har hjelpt med å sløkke brannar i Hellas. Vesttelane har ikkje vore i fare under sløkkearbeidet, som gjev veldig god øving med tanke på eventuell brann i heimregionen.
Fordelt på 2 puljar med 14 dagar på kvar har Telemark i august hatt over 20 personar med innsats mot terrengbrannar i Hellas. Sju av desse er frå Vest-Telemark, blant andre fyresdølen Olav Inge Nordbø og Per Wraa i Vråliosen. På telefon frå Hellas melder dei å ha kjempa mot fleire brannar, under leiing av gresk brannsjef. Leiar for den norske gjengen er Henrik Brokke, halvt vrådøl, bur i Skien og er med i brannvesenet der.
I Hellas er det om lag 40 brannar kvart døgn.
– Me er i eit av dei brannutsette områda. Årsakene til brannane er mellom anna dårlege kraftliner, lynnedslag og nokre er menneskeskapte – bønder svir av område for å regenerere, seier Brokke.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP