Framlegg: Ursula Therese van Dam fremja forslaget om å endre ordninga frå eit rekruttering- til eit utdanningstilskot.

Bur du i Tokke og studerer til å bli barnehagelærar, verne- eller sjukepleiar? Då vil kommunen gje deg pengar

Etablerar kommunal tilskotsordning for tre studieretningar.

Publisert Sist oppdatert

Kommunestyret i Tokke vedtok tidlegare denne månaden ei tilskotsordning for ungdom under 30 år som er busett i Tokke og som tek utdanning som barnehagelærar, sjuke- eller vernepleiar. Mot at ein bind seg til minimum to års arbeid i kommunen etter ein er ferdig med utdanninga/har fått autorisasjon, kan studentane få 50 000 kroner i kommunalt stipend per år under utdanninga.

Vinje etablerte ei liknande ordning for sjukepleiarstudentar tidlegare i år.

– Talet på eldre er i kraftig vekst, og alt no har me problem med rekruttering av sjukepleiarar og vernepleiarar. Det er stor konkurranse om kompetansen, sa kommunedirektør Finn Arne Askje i innleiinga.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS