Ikkje landa: Framme til venstre er dei eldste omsorgsbustadene, medan bak er dei fem nye ved Nissedal omsorgssenter (t.h.). På andre sida av senteret er planen nybygg med fem sjukeheimsplassar og noko lenger sør fire omsorgsbustader. Dei fem politikarane i prosjekterings -og byggenemnda ber administrasjonen kome med alternative byggeløysingar.
Privat
Byggeprosjekt til 105 millionar – politikarane bed om alternative løysingar
Nyleg la administrasjonen i Nissedal kommune fram ein plan om ulike byggeprosjekt til litt over 105 millionar kroner ved omsorgssenteret i Treungen. Då den politiske prosjekterings- og byggenemnda diskuterte saka, blei ho sendt tilbake for å få greidd utt andre alternativ.
Fersk kostnadsskisse som omfattar ombygging av omsorgssenteret med 5 nye plassar, dagsenter, påbygg personal og 4 nye omsorgsbustader, har ein samla estimert kostnad på 105 750 000 kroner inkludert moms.
Knivsegg
På møtet i prosjekterings- og byggenemnda sa Olaus Sønderland (H) at slik det er akkurat nå, er det veldig vanskeleg for politikarane å vurdere om dei skal seie nei eller ja til det store byggeprosjektet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP