– Det går an å ha forventingar til ungdom utan å nødvendigvis ha eit forbod, meinte Ivar Barstad (Raudt)

 Caps eller ikkje caps – det var det store spørsmålet

Skuleungdommane i Seljord vil gjerne få bruke caps i klasserommet. Men politikarane seier nei.

Publisert Sist oppdatert

Debatten om det skal vere lov å ha på caps eller ikkje i klasseromma i Seljord har fått nasjonal merksemd den siste tida med innslag i Dagsrevyen, debatt i P2 og Nyhetskompaniet . Det var ungdommane sjølve som tok initiativ til ei endring av ordensreglementet. Dei ønsker at det skal vere lov å ha på seg caps også i klasserommet. Då saka hamna hos politikarane i formannskapet, sa dei nei til forslaget frå ungdommane. 

– Det kan ikkje vere feil å lære den oppveksande generasjonen at når me kjem inn i ein undervisningssetting kan ein ta av seg capsen, lua eller ta av hetta. Det meiner eg ingen har vondt av, uttala Trond Johnsen (Ap) i møtet.

Torsdag var saka i kommunestyret for endeleg avgjerd. Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedtatt, men det vart likevel ein del debatt og Ivar Barstad (R) hadde to tilleggsforslag som båe fall. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS