Nummer fem: Bjørnar Christensen er nominert på femteplass på KrF si stortingsliste i Telemark.

Christensen nummer fem på KrF-lista

Oddbjørn Nørstrud (21) frå Notodden toppar nominasjonslista til KrF i Telemark, på femteplass finn me vinbyggjen Bjørnar Christensen.

Av dei tolv kandidatane som står nominert på KrF si stortingsliste i Telemark er det fire vesttelar. Måndag blei nominasjonskomiteens liste samrøystes vedteke. Nominasjonskomiteen har blitt leia av nissedølen Øyvind Tveit.

Det er Oddbjørn Nørstrud frå Notodden som toppar lista til Telemark stemmekrins KrF.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nørstrud er 21 år, kjem frå Notodden, og har mykje erfaring frå politikken. Han var på debatt på alle dei vidaregåande skulane og skulane i Telemark i 2019 i samband med skulevala. Nørstrud sit i styret i lokallaget i Notodden KrF, han har delteke på fleire fylkesårsmøte og var delegat på siste landsmøtet til KrF i 2019, melder fylkessekretær Tone Strat i Vestfold og Telemark KrF i ei pressemelding.

Ho skriv vidare at det siste året har Nørstrud møtt i sentralstyret i KrFU, men blei valt som fast medlem på landsmøtet tidlegare i haust.

– Nørstrud er opptatt av å vere eit talerøyr for dei svake. Han vil vere med å ta ansvar for planeten vår. Dei fattigaste i verda er han også opptatt av, og at me har eit ansvar for å hjelpe, skriv Strat.

Lista blir endeleg avgjort på nominasjonsmøtet tysdag 24. november.

KrF sine kandidatar i Telemark

1. Oddbjørn Nørstrud, Notodden

2. Anna Erika Myrvold, Skien

3. Lars Rise, Bamble

4. Linda Kjærnes Larsen, Notodden

5. Bjørnar Christensen, Vinje

6. Anne Oddny Foldøy, Kviteseid

7. Geir Christian Enger, Nissedal

8. Annbjørg Ellefskås, Drangedal

9. Tormod Helås, Midt-Telemark

10. Maren Lithell Skilbred, Porsgrunn

11. Magnar Kleiven, Bamble

12. Marianne Nørstrud, Kviteseid