Forsvarar: Tormod Tingstad.

Dag 2 i retten: – Kan ikkje dømmast for noko mannen har tilstått og er dømd for

Forsvaret i Sjølie-saka satsar dels på at Marianne Sjølie er lurt trill rundt av ektemannen gjennom 25 år, Halstein Sjølie. Dels satsar det på at Marianne Sjølie ikkje kan dømast for handlingar ektemannen har tilstått, er dømd for og snart har sona ferdig.

Publisert Sist oppdatert

Dette kom fram gjennom merknadane frå advokat Tormod Tingstad til innleiingsforedraget frå aktor, førstestatsadvokat Geir Kavlie, frå Økokrim i Oslo tingrett, torsdag. Tingstad er ein av dei to forsvararane til Marianne Sjølie. Den andre forsvararen er Thomas Skjelbred, tidlegare nestsjef i Økokrim.

– Hypotesar og spekulasjonar

– At ho er gift med og har postert bilaga hans, er ikkje tilstrekkeleg til å døme henne etter tiltalen. Det er ingen prov som fører personen Marianne Sjølie til dei handlingane tiltalen omtalar. Det er hypotesar og spekulasjonar om kva Marianne Sjølie har gjort og forhalde seg til i ulike situasjonar. Retten må gjerne spekulere i dommen, men berre til gunst for Marianne Sjølie. Ein må utelukke alle andre forklaringar for å kunne døme henne, forkynte Tingstad.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS