Styret: Dølehalli grendelag blir styrt av (f.v.) Helge Inge Bruhaug, Gunvor Høydal, Helge Andersen Byggland, Terje Haugen og Maria Bjerke. Foto: privat
Dei driftar Dølehalli på dugnad. Sundag var det igjen tid for god gamaldags basar
Kvar haust har bygdefolket i Morgedal tre store dugnadar for å halde møteplassane sine ved like: Dyrsku'n, basar og andredagsfest. Denne helga kunne dei krysse av nummer to på lista. – Det var veldig fullt hus, konstaterer ein fornøgd Helge Andersen Byggland i Dølehalli grendelag.
Kring 150 møtte opp i Dølehalli sundag og fekk ein ettermiddag med skyting og pilkasting, loddsal og tombola, suppe og kake. Basargjestene opna villig lommebøkene for å vinne nokre av dei fine premiane frå bygdefolk og næringsliv i Morgedal, Kviteseid, og Seljord, og truleg vil det bli eit overskott på kring 50 000 kroner. Dette er ein veldig triveleg novembertradisjon for grendelaget, men også veldig nødvendig.
For det er basaren og dei to andre dugnadssjauane som gjev pengar i kassa til å følgje opp Dølehalli og andre viktige møteplassar i bygda. Desse pengane betalar for vedlikehald og straum i Dølehalli og det gamle skulebygget ved sida av, og for utstyr til å halde i orden badeplassen ved Morgedalstjønni og leikeplassen ved Bjaaland Bygderestaurant. Og sjølve arbeidet med grasklipp, beising, reparasjonar og oppussing, ja, det er også dugnad.
På skuldrene til dugnadskjemper
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP