
I to månadar har femteklassingane klipt, lima og måla.
Målet er å vinne ein draumedag i Sommarland.
Men dei konkurrerer med elevar frå femte til tiande klasse frå mange andre skular.
Dei fekk Bøver'n på besøk
– Det har gjort heilt vondt å halde det hemmeleg, ler lærar Mariann Roe, som saman med Bøver'n og Siri Aardalen frå Bø Sommarland nettopp har busa inn i naturfagstimen til femte klasse og avslørt overraskinga.
I to månadar har dei fem edlandselevane jobba på med papp, plastkoppar, trepinnar, limpistol, måling og ein god dose kreativitet, og resultatet har blitt modellen «Sommarland om 40 år». Den har dei meldt på i Bø Sommarland sin modellkonkurranse, der premien er ein draumedag i badeparken.
Lærar Mariann Roe rosa elevane så mykje for innsatsen undervegs i prosjektet at dei kjende seg sikre på å vinne då dei sende inn fotografi av modellen sin.

– Då måtte eg jekke dei litt ned att, for eg var redd dei kom til å bli skuffa, ler Roe.
– Men så blei dei litt vel nede, så då måtte eg få dei litt opp att.
– Så fekk eg telefon om at dei hadde vunne, og då måtte me koma oss litt ned att slik at dei blei litt overraska.
Me er inne på lærarrommet og ser på at Bøver'n gjer seg klar, og dei andre lærarane som kjem innom gjer store auge. For sjølv om Roe har visst om sigeren i ei heil veke har ho halde heilt tett, og dei andre i personalet visste ikkje noko før kjempebeveren kom valsande inn for eit par minutt sidan.
– No blei eg nesten rørt, utbryt ein av dei med blanke auge.
Klar for å kuppe naturfagstimen
Så ber det bortover gangen. Femte klasse har naturfag og anar fred og inga fare, og når Bøver'n kjem dukkande inn gjennom døra vert dei aldeles stumme.

Aardalen delar ut gåvekort som gjev elevane inngang i badeparken, VIP-hytte, pizza og brus, og kan fortelje at dei fem femteklassingane frå Edland har danka ut sytti andre bidrag frå elevar frå femte og heilt opp til tiande trinn.
– Det var ikkje nokon tvil om at de hadde det beste bidraget, smiler Aardalen.
– De skilte dykk veldig ut, og me såg at de hadde gjort ein ordentleg innsats med å vise oss korleis Sommarland ser ut om førti år. Me synest det var så gøy at de har namna attraksjonane, og Dospylaren er ein favoritt hos oss. Så den må me søke pengar til å få bygd.
Elevane sit på stolane sine og smiler litt sjenert, medan Roe nesten hoppar av glede.

– Eg er utruleg stolt av dykk. Fantastisk innsats, jublar ho.
Nokre bøygar på vegen
Elevane har ikkje vore så mykje i Sommarland før, og gler seg til tur.
– Men det må vere fint vêr. Viss det regner gidd me ikkje, kjem det kontant frå ein.
I tillegg til sol er det ein ting til som trengst for at premien i det heile kan innkasserast. Det er nemleg eit stykke frå Edland til Bø.
– Eg måtte sjekke at me fekk transport om me vann før eg melde oss på, seier Roe.
– Og det var to tomlar opp frå leiinga.
I tillegg til draumedagen er det også ein del av premien at modellen deira skal stillast ut i ein monter i Sommarland heile sesongen, og der kjem den tredje premiebøygen som må overvinnast.
– Den er større enn eg hadde trudd, seier Aardalen og ser litt tvilande mot den smale døropninga.
Alt er i eitt stykke, så det er ikkje snakk om å ta den ut i delar.
– Dette er akkurat som å montere ein møbel og så kjem du på at du skal flytte den ut av rommet etterpå, ler Roe.
Saman med dei fem elevane løftar Roe og Aardalen heile pappmodellen opp, og med litt skråstilling og forsiktig bøyging kjem dei seg ganske heilskinna ut i gangen. Vidare nedover korridorar og trapper går det raskt.

Så kjem dei til den nye doble ytterdøra.
Med dørknapp og automatisk lukking.
Og berre ei dør som vil opne seg.
Men med godt samarbeid går det også, og snart er modellen inne i varebilen til Aardalen.
- Stigen har mista nokre trinn, seier ein av elevane bekymra, og held fram nokre blå og raude trebitar han har plukka med seg langs fraktruta.
- Det ordnar me. Me har eit mannskap som jobbar med å setje i stand dei store skliene våre, så dei greier nok å fikse dette, forsikrar Aardalen.
Så skulle ein kanskje tru at dette var eit inspirerande kunst- og handverksprosjekt, men det er det ikkje, kan Roe avsløre.
– Nei da, ler læraren.
– Me har brukt KRLE-timane, me.
