Tretten færre: Folketalet i Fyresdal kommune er redusert med 13 frå 1. juli til 1. november i år.
Geir Ufs
Dei minste kommunane mistar mest
Av alle kommunane i Vest-Telemark, og på eit vis i heile fylket, er det Nissedal og Fyresdal som har den største nedgangen i folketal.
Oppdaterte tal frå Folkeregisteret minner om Matteus-evangeliet: «For den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som inkje hev, skal missa endå det som han hev.» (Matt. 13:12)
For jammen er det ikkje dei to minste kommunane i heile fylket som òg går mest ned i folketal mellom 1. juli og 1. november. Berre Tinn har større reduksjon i absolutte tal og mistar 32 innbyggjarar, men Nissedal og Fyresdal har ein nedgang på høvesvis 17 og 13, som er klårt mest sett opp mot folketalet. Det er meir enn ein prosent av folketalet i båe kommunar.
Av Vest-Telemark-kommunane er det berre Kviteseid som har vekst, med 2 nye innbyggjarar i dette tidsrommet. Elles går det ned eller er stabilt.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP