Dei seks ordførarane med felles oppmoding: – Sjukehuset må opne for ei overgangsløysing
I eit brev til Sjukehuset Telemark uttrykker dei seks ordførarane i Vest-Telemark at dei er særs uroa for tilbodet ved Seljord DPS.
Etter at psykiateren ved det distriktspsykiatriske senteret vart pensjonist har leiinga streva med å rekruttere ny. I september varsla dei at dersom det ikkje er ein psykiater på plass innan jol vil avdelinga i Seljord bli lagt ned, og sengeplassane bli flytta til Notodden eller Skien.
Ordførarane i Vest-Telemark er urolege for situasjonen, og ber leiinga ved sjukehuset om å opne for ei overgangsløysing i ein periode på inntil to år.
Artikkelen held fram under annonsen.
I brevet frå Vest-Telemarkrådet går det fram at det er spelt inn konkrete framlegg til sjukehuset om forslag til ulike turnusløysingar ein kunne prøvd ut i overgangsperioden, men at desse har blitt avvist.
Inntrykket er derfor at prosessen nå blir styrt i retning av nedlegging.
«Gjennom mange år har ein bygd opp eit stabilt og kvalitativt godt tilbod i Seljord. Her er det kompetent arbeidskraft som utgjer 21 årsverk. Det er eit viktig psykisk helsetilbod for innbyggjarane i Vest- Telemark, men også for personar i heile øvre Telemark», skriv ordførarane.
Dei meiner nedlegging av DPS i Seljord vil innebere ei ytterlegare nedbygging av psykiatritilbodet i Noreg. Og understrekar at dette er stikk i strid med regjeringa si uttalte satsing på psykisk helse.