Robin Lysdal og Bjørn Egil Nordgarden er godt i gang med å bygge formidlingsbygget for museet. Metodane har dei funne fram til gjennom å studere Stålekleivloftet.

Dei to tradisjons­handverkarane har studert korleis Stålekleivloftet kan ha blitt bygd

På Vest-Telemark museum forskar dei på korleis Stålekleivloftet er bygd, og bygger eit nytt bygg med dei same teknikkane som blei brukt på 1100-talet.

Publisert

I verkstaden på Vest-Telemark Museum jobbar bygningsvernansvarleg Bjørn Egil Nordgarden og Robin Lysdal. Dei to tradisjonshandverkarane har studert korleis Stålekleivloftet på museumstunet kan ha blitt bygd, kva for verktøy som er nytta for å klare å forme dei svære rundstokkane, korleis lafteknutane er blitt til og korleis laftestokkane er blitt så finhøvla at det berre er ein liten millimeterforskjell i overflata.

Høvet er restaurering av det 850 år gamle loftet, det eldste me kjenner til i Noreg som framleis står. I tilknyting til det, har dei fått midlar til å bygge eit formidlingssenter.

- Men det som er interessant for oss, er at me kopierer og nyttar teknikkane som er nytta på Stålekleivloftet. Loftet har mange detaljar, men me har fokusert på utforminga av stokkane, lafteknutane og verktøya som er brukt på den tida, i mellomalderen, seier Nordgarden og viser fram ei øks dei nyttar.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS