Kommunedirektøren fekk fullmakt til å jobbe vidare med planane om å samle dagsentertilboda i kommunen i eitt felles bygg.
Elin Fjalestad
Delte meiningar om å ta i bruk sentrumsbygget som dagsenter
Dobbeltstemma til ordføraren vart avgjerande for at kommunedirektøren nå får fullmakt til å gå vidare med planane om dagsenter i «bankbygget».
Kommunedirektøren i Kviteseid har føreslått å samle dagsentertilboda i kommunen, og meiner bankbygget som ligg i sentrum er svært godt eigna. Ho har bede politikarane om ei fullmakt til å jobbe vidare med ei flytting og omstrukturering av dagsenterdrifta, og ynskjer å inngå ei avtale med Vest-Telemark Næringsbygg om leige av nye lokale. Torsdag vart saka drøfta i formannskapet.
Dårleg eigna lokal i dag
Seniorrådgjevar i Kviteseid kommune Olav Kaasa innleia saka, og fortalde at bygget som i dag blir nytta til dagsenter er lite eigna for brukargruppa, særleg for dei som sit i rullestol og treng tilpassing. Han fortalde også at det særleg på glatt føre vinterstid kan vere vanskeleg å kome seg opp den bratte bakken med rullestolar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP