Leia samling på biblioteket: Prostidiakon Eilev Erikstein og digitalformidlar ved Vinjesenteret Line Omland Eilevstjønn inviterte til samling på Vinjesenteret laurdag.

Delte ord som trøystar og varmar

Det vart ein god time i biblioteket på Vinjesenteret laurdag då dei frammøtte delte trøystande ord og tonar knytt til markeringa av allehelgen.

Publisert Sist oppdatert

Denne helga held kyrkjene i Vest-Telemark opne sundag, det er høve til å gå innom for å tenne eit lys - og finne trøyst i lyset. Minnast. Det blir også arrangert minnesmesser og konsertar rundt om i kommunane.

Allehelgen blir markert kvart år den fyrste helga i november, og blir også omtala som minnedagen. Det var også av allehelgen ideen om å lage ei samling på Vinjeflaten kom til.

Det var kyrkja i Vinje, ved prostidiakon Eilev Erikstein og digitalformidlar ved Vinjesenteret Line Omland Eilevstjønn som tok initiativ til samlinga med tittelen «Trøsytande ord» i biblioteket på Vinjesenteret laurdag.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS