Gåve: Løypelaget fekk gåve av sanitetslaget. Even Riis (t.v.), Atle Andersen, Ottar Brekke, Nils Tore Brekke, Ole Brauti, Øyvind Grave og Ole Kristian Brauti fekk sjekken av Kristin Stray Jacobsen frå sanitetsforeininga.

Delte ut pengegåve til løypelaget. — Me meiner dette er eit godt bidrag til folkehelsa i kommunen

Kviteseid Sanitetsforening har delt ut 50 000 kroner til Kviteseid løypelag.

Publisert Sist oppdatert

Gåva blei delt ut ved skiløypa på Breidalsheia før påske.

— Me håpar mange kjem og brukar løypene og meiner dette er eit godt bidrag til folkehelsa i kommunen, melder sanitetsforeininga i ei pressemelding.

Pengane skal gå til drift av løypene på heia — både til maskin og drivstoff. Løypelaget har søkt om pengar frå sanitetslaget, og har også tidlegare mottatt midlar.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS