Hymens lenkjer: Øivind Klausen hadde sitt eige ritual når han smidde ektepar i hymens lenkjer. Medan brur og brudgom heldt i kvar sin figur smidde Øivind hjarto saman på ambolten. – Dette symboliserer ei pakt som er lett å foreine, men vond å bryte opp, sa smeden.
Geir Ufs
Den prisløna fyresdalssmeden er død
I 2003 vann Øivind Klausen den eksklusive heidersprisen til Norsk knivforening, fem år etter at han fekk kulturprisen i Fyresdal. Den kreative smeden har vore oppteken av å ta vare på og vidareutvikle smedkunsten. No har han gått ut av tida.
Alt i 1998 fekk smeden Øivind Klausen kulturprisen i
Fyresdal. Prisen såg han på som ei tillitserklæring og eit lyft for kulturhandverket.
No er den avhaldne smeden død, 77 år gamal.
I samband med kulturpristildelinga fortalde han til Vest-Telemark blad at det heile
byrja med at han på framhaldsskulen fekk betre karakter i metallsløyd enn i tresløyd. Frå 1975 var smiing ein hobby, og fyrst i 1992 blei det ein leveveg.
Då han fekk kulturprisen var han, i tillegg til å arbeide heime i smia, stadig
på farten til marknader, messer og laftekurs.
– Laftarane har funne ut at dei gamle reiskapane er gode og effektive
berre ein lærer å bruke dei, sa Klausen om øksene og bilene han laga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP