
Desse elevane har utvikla ein havbotnrobot. – Eg har bare heilt rå elevar!
Hydra-Clean EB frå Nissedal ungdomsskule vart kåra til Vestfold og Telemarks beste elevbedrift under fylkesmeisterskapen 2025.
Dei vann òg kategorien «Mindre plast EB», og tok andreplassen i «Beste grøne entreprenørar».
Det melder Ungt entreprenørskap Vestfold og Telemark i ei pressemelding.
Elevane har utvikla ein havbotnrobot som ved hjelp av kunstig intelligens kan skilje mellom søppel og naturleg vegetasjon som tang og tare. Robotens oppdrag er å rydde plast frå havbotnen – eit av dei store miljøproblema i vår tid.
Lærar Per Trygve Fossli Løyte rosar elevane for innsatsen:
– Eg har bare heilt rå elevar! Dei har gjort alt sjølve. Eg har berre gitt dei frie tøyler til å vere kreative, seier han stolt.
I løpet av kalenderåret 2024 har 993 niandeklassingar i Vestfold og Telemark jobba hardt med ideane sine og berekraftige løysingsforslag. 133 av elevane som representerer dei 12 skulane har alle kvalifisert seg i respektive skulemeisterskap, med jury frå lokalt arbeids- og næringsliv som har kåra ein finalist som så har gått vidare til fylkesmeisterskapet.
Ungt entreprenørskap er ein ideell organisasjon som jobbar i heile landet og gjennom heile utdanningsløpet. SMART er eitt av fleire program som organisasjonen tilbyr for sjuandeklassingar. Ungt Entreprenørskap samarbeider med skulen, næringslivet og andre aktørar for å utvikle barn og unge si kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølve. Ungt Entreprenørskap er ein brubyggjar mellom skule og arbeidsliv. I Noreg når Ungt Entreprenørskap årleg over 200 000 elevar og studentar i samarbeid med 20 000 lærarar, og 20 000 frivillige frå arbeids- og næringsliv bidreg som rettleiarar, mentorar og jury for dei unge.
Ungt Entreprenørskap er organisert i fylkesorganisasjonar med tilstadevering i skulane rundt om i heile landet.