Venta spent: Gro Ingunn Reine (nærast) har engasjert seg for å få gang- og sykkelveg i Bøgrend i 50 år. Ho var ein av elleve tilhøyrarar som i fleire timar venta spent på at saka om GS-vegen skulle ta til. Bak f.v. Solveig Ringhus, Cecilie Albretsen, Signe Versto (delvis skjult), Irene Kosi, Lilly Slåtta, Heri Thomsen. Framme f.v. Sverre Sveinson, Bente Lene R. Sveinson, Lulla Verpe og Arne Reine.
Åshild Emma Solbjør
Desse har fyrstehands kunnskap om trafikken gjennom bygda. – Det er russisk rulett
Bøgrendingane har jobba for gang- og sykkelveg i fleire tiår. Denne tysdagen skulle den viktige avgjerda takast, og medan debatten gjekk sat elleve engasjerte tilhøyrarar og følgde med på kvart ord.
Bøgrendingane hadde venta på kommunehuset i over fem timar før det endeleg var klart for at saka deira skulle handsamast, for reise att utan å få med seg debatten ville dei slett ikkje. Fem timar er ikkje så lenge heller, samanlikna med nærare fem tiår med venting på GS-veg.
– Bøgrend er ei levande bygd med lys i stort sett alle hus. Me håpar politikarane vil sjå verdien i det. Gang- og sykkelveg er viktig for trivselen i bygda, sa ein av dei standhaftige bøgrendingane, Irene Kosi.
Fleire av bøgrendingane på tilhøyrarbenken veit fyrstehands korleis trafikken på europavegen gjennom Bøgrend har forandra seg gjennom åra. Sverre Sveinson har budd i Bøgrend heile livet, og fortel at dei sparka ball midt i vegen då han var gutunge. Nå er leik utelukka, men også sykling langs vegen er håplaust, meiner Sveinson.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP