Desse tre gardane har fått nye eigarar i løpet av sommaren

Nå skal politikarane i Kviteseid «godkjenne» dei nye gardeigarane.

Publisert Sist oppdatert

Tor Berge (23) har kjøpt eigedomen Brekke sudigard i Morgedal. Kjøpesummen er 5,8 millionar kroner. Seljar er Vidar Andreas Tveiten. Berge, som er frå Morgedal, seier til VTB at han var interessert også då garden var på marknaden sist for fire år sidan.

Eigedomen er på 39 dekar dyrka mark, 13 dekar innmarksbeite og 1091 dekar produktiv skog – totalt 1383 dekar. Våningshuset er nyleg renovert og oppgradert, driftsbygning er renovert, medan det er eldre bur, loft, smie og vårfjøs i tunet. Stabbura er, ifylgje Norske Gardsbruk, båe frå 1700-talet. Det er også sel, fjøs og låve på støylen Kåvsås.

Det kjem fram i saka til formannskapet i Kviteseid torsdag. Politikarane skal då ta stilling til om Berge får konsesjon på eigedomen. Innstillinga frå kommunedirektøren er å gje konsesjon.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS