Tre har søkt om å bli fagleiar på legekontoret.
Randi Berdal Hagen
Desse vil bli fagleiar på legekontoret
To kvinner og ein mann har søkt på den nye fagleiarstillinga ved Vinje legekontor.
Dei tre søkjarane er Elisabeth Tveitan (36) frå Nome, Thomas Østvedt Skjellaug (49) frå Tokke og Anne May Selstø (36) frå Tokke.
Stillinga som fagleiar er ei omgjering av ei vakant sjukepleiarstilling, og kjem i tillegg til avdelingsleiaren for legetenesta, Ingrid Helene Smeland.
Legetenesta høyrer inn under verksemda helse og førebygging, som vert leia av Lill Iren Djuve. Dei andre avdelingane innan helse og førebygging er fysio- og ergoterapi, jordmorsamarbeidet, helsestasjonen og skulehelsetenesta.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP