Mange påkøyrd: I tillegg til at det blei skote 64 gauper i årets jakt i landet, blei 9 gauper påkøyrd i same perioden.

Det blei skote 64 gauper i årets kvotejakt – 9 blei påkøyrd

Årets fellingskvote på gauper i Noreg var 83. Då jakta var ferdig viste det seg at 73 gauper blei belasta kvoten – 2 skjedde ved skadefelling.

Publisert

Gaupejakta 2021 starta 1. februar og blei avslutta 31. mars. Ei årsak til at ikkje heile fellingskvoten på 83 dyr blei fylt opp, var at jakta blei stansa i fleire område fordi hodyrkvoten var nådd.

Miljødirektoratet opplyser at av dei 73 gaupene som blei belasta kvoten, er 64 felte av jegerar, 2 blei avliva ved skadefelling og 7 er påkøyrd. I tillegg til desse 7 blei 2 gauper påkøyrd i kvotefri region 5, som er Hedmark.

I region 2, Sør-Noreg der Telemark er med, var kvoten 32 gauper. Samla avgang var 25 dyr, av desse blei eitt påkøyrd.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS