– I fjor haust såg vi ein auke i talet på inkassosaker knytt til hushald som ikkje betalte straumrekningane sine. Den trenden har halde fram så langt i år, seier inkassoselskapet Lindorff.Foto: Paul Kleiven / NTB / NPK

Det blir høge straumrekningar resten av vinteren

Mange fekk sjokk då årets første straumrekning kom etter at vinterkulda slo til. No viser utrekningane at vi heilt fram til påske må vente høge straumprisar.

Publisert Sist oppdatert

– Så klart det er ganske dyrt i år, men det er ikkje så mykje ulikt frå første kvartal 2019 til dømes, seier kraftanalytikar Ole Tom Djupskås i Refinitiv til NTB.

Det var fjoråret som var uvanleg. Dette er neppe ei trøyst i desse dagar, men i 2020 var det den lågaste straumprisen på 18 år, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Då var gjennomsnittleg straumpris for hushalda, utanom avgifter og nettleige, på 20,7 øre per kilowattime.

Rekord sist fredag

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS