Ordførar i Seljord: Beate Marie Dahl Eide (Sp).

Det blir ingen eigedomsskatt i 2021

Senterpartiet og Miljøpartiet dei Grøne i Seljord har konkludert med at det tidlegast blir innført eigedomsskatt i 2022.

Publisert Sist oppdatert

Fleirtalskonstellasjonen i Seljord seier det er to årsaker til at innføringa av eigedomsskatten blir utsett.

1. Koronapandemien har forseinka prosessen som er naudsynt før utskriving av eigedomsskatt. Det er sett av midlar til førebuingsarbeidet, men det har vist seg krevjande å få bli ferdig på ein god nok måte i år.

– Slik stoda er no ville det truleg ført med seg auka kostnader og ein svært hektisk haust for å få på plass taksering av alle eigedomane i kommunen. Ved å alt no gje eit tydeleg signal om at det ikkje vert eigedomsskatt før tidlegast 2022, sikrar ein at arbeidet med taksering kan skje i eit forsvarleg tempo og utan unødige ekstrakostnadar, har partia konkludert med.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS