Seljord sentrum: Det er framleis stille på tomta til Brøløsvegen 7, nå startar planarbeid og alle får høve til å kome med høyringsinnspel.
Tone Tveit
– Dette er indrefileten i Seljord. At kommunen får vere med å utvikle tomta skal me vere veldig glade for
Før planar blir realisert på Brøløsvegen 7 AS, skal ein ny reguleringsplan på plass. – Det er viktig at det skjer noko, men eg meiner det er viktigare å tenke langsiktig for tomta, uttala Sondre Aasan (Sp)
Etter styreleiar for Brøløsvegen 7 AS, Halfdan Haugan, orienterte formannskapet om planar for sentrumsleilegheiter for unge og einslege på den tidlegare bilrutetomta i sentrum, og diskusjonar og avisoppslag etter dette, blei det naudsynt med ein fot i bakken for dei folkevalde i Seljord. Formannskapet som styringsgruppe kalla inn styret i Brøløsvegen 7 AS for å sende signal om at kommunen bør regulere tomta og sjå heilskapleg på den før ein tar stilling til korleis den skal bli utvikla.
Eit samrøystes kommunestyre vedtok difor i sist møte å setje av 300 000 kroner til utarbeiding av reguleringsplan. Midlane blir henta frå disposisjonsfondet.
Sterkt tilrådd av administrasjonen
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP