Billig lys: Ifølge hyttenabo Eva Grendstad har LED-lyset som er montert på brøytestasjonen ved Torvetjønn stråla ut i alle retningar dag og natt både denne vinteren og førre. Foto: privat
Dette er lysforureining, meiner hyttenaboen. – Ballen er tatt i mot, svarar huseigaren
Ved brøytestasjonen på Torvetjønn står sløyfer med kraftig LED-lys på dag og natt heile vinteren. Det gjev godt arbeidslys, men skapar også lysforureining.
Ikkje alle er like medvitne kva lysforureining er. Det oppdaga flatdølen Signe Raftevold Rue då ho skreiv masteroppgåve om hyttefolk i Rauland sine haldningar til lysbruk på hytta.
– Det er ikkje så konkret som plast i havet og søppel i naturen, men eg opplevde at det var mange som interesserte seg då dei fekk spørsmål som handla om lysforureining, seier Rue.
– «Oi, så spanande og interessant», sa folk.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP