Opna fylkessenteret: Fungerande ordførar i Seljord, Sondre Aasan (t.v.), Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, fylkesordførar Terje Riis Johansen og leiar for fylkessenteret Johannes Rindal.
Tone Tveit
Dette meiner fylkesordføraren om sal av skulebygga
Fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp) seier han er svært skeptisk til at fylkeskommunen skal selje delar av eigedomen der dei etablerte og opna fylkessenteret for to månadar sidan.
Vestfold og Telemark fylkeskommune eig åtte bygg på den 22 700 kvadratmeter store eigedomen som tidlegare husa vidaregåande skule i Seljord, og der dei i dag driftar eit fylkessenter. Førre veke la fylkesdirektøren fram ei sak som skal opp i fylkestinget der innstillinga er at fylkeskommunen kan selje sju av åtte bygg, men behalde den økologiske hagen for å ha høve til å bygge ut.
VTB har spurt kva fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp) meiner om fylkesdirektørens innstilling, og Riis-Johansen svarar i ein e-post:
«Jeg er i utgangspunktet svært skeptisk til å selge deler av vår avdeling i Seljord. Jeg er stolt av det vi så langt har fått til i Seljord og opptatt av fylkeskommunal tilstedeværelse i Seljord. Jeg skal se nærmere på saken, men som sagt svært tvilende til om dette er et fornuftig forslag.»
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP