Byrja på heisen: Måndag denne veka starta arbeidet ved hjelp av ei kjempekran å få på plass heis ved murbygget. Det er full fart i jobben med ulike oppgåver ved storskulen i Treungen.
Geir Ufs
Dette skal 66 millionar kroner gå til på storskulen
Etter at Nissedal kommunestyre i juli auka ramma for byggeprosjektet ved storskulen i Treungen med over 8 millionar kroner, blei totalkostnaden 66,75 millionar kroner inkludert moms. Me har sett nærare på kva den store summen blir bruka til, både på bygg og uteområde.
Pål Øyvind Brattekleiv er prosjektleiar for rehabilitering av skulebygg, ombygging, tilbygg og nye innslag på uteområdet til elevane frå 5. til 10. klasse. Han har hjelpt med opplysningar om kva satsingar det ligg i alle dei løyvde kommunale millionane.
Paviljongen som ungdomsskuleelevar har nytta blir renovert, det kjem overbygd inngangsparti, nye innvendige overflater, nytt ventilasjonsanlegg med kjøling, solskjerming og etterisolering for varme og lyd.
Like ved paviljongen kjem det eit tilbygg med grupperom og toalett i 1. etasje og over der eit teknisk rom.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP