Riset bak luka: Står det ikkje avsendar utanpå underfrankert brev, er det mottakar som får rekninga frå Posten. Men for mykje påført porto på sendte brev blir ikkje refundert.
Geir Ufs
Dette svarar Posten om under- og overfrankering
Posten har ikkje høve til å opne underfrankerte brev for å sende krav til avsendaren. Kravet skal mottakar ha, om avsendar er ukjent. Betaler avsendar for mykje porto, blir dette ikkje refundert.
VTB har over telefon kontakta pressevakta til Posten for svar på spørsmål rundt saka der fyresdølen og brevmottakar Gunnar Kvasjord fekk rekning på 73 kroner fordi avsendar hadde underfrankert med éi krone.
– Kvifor har han ikkje kontakta kundeservice, er det fyrste som kjem frå pressevakta rundt brevmottakaren som fekk rekning.
Så får lokalavisa straks beskjed om at svar på spørsmål skal skje via e-post, ikkje i dette intervjuet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP