Kommunedirektør Jan Myrekrok (t.h.) og ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) har i mange år hatt faste måndagsmøte saman med varaordførar og kommunalsjefar, der føremålet er å halde kvarandre orienterte. No vil Statsforvaltaren vite om det er grunnlag for å gjere ein lovlegkontroll av praksisen.

Dette vil Statsforvaltaren vite om måndagsmøta

Etter at VTB skreiv om måndagsmøta i Vinje kommune, bestemte Statsforvaltaren seg for å undersøke møtepraksisen sjølv.

Publisert Sist oppdatert

«Statsforvaltaren er via oppslag i media gjort kjend med at Vinje kommune angiveleg har ein praksis der det haldast faste møte der leiarar frå administrasjon og folkevalde leiarar er deltakarar», skriv direktør Lars Gustavsen og fagsjef Mette Biering i justis- og verjemålsavdelinga hos Statsforvaltaren i eit brev til Vinje kommune.

«Slik Statsforvaltaren forstår er det reist spørsmål om i kva grad ein slik møtepraksis er i samsvar med kommunelovas sakshandsamingsreglar», skriv dei to vidare.

Dei ønskjer å undersøke om det er grunnlag for å gjere ein lovlegkontroll av møtepraksisen, og krev i den samanheng å få greie på i kva grad kommunen har ein praksis med at det blir halde faste møte der leiing frå administrasjon og leiing frå dei folkevalde deltek.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS