For tidleg: Politimeister Ole Bredrup Sæverud i Sør-Aust politidistrikt kan enno ikkje seie kor dei 16 nye stillingane distriktet får vil halde til.
Tone Tveit
Distriktet får 16 nye politistillingar. Kjem nokon av dei til Vest-Telemark, politimeister?
Totalt blir det rulla ut 146 nye stillingar i heile landet. Justisministeren lovar fleire vil koma i løpet av året.
Dei nye stillingane er ein del av dei 200 millionane øyremerkt opprusting av politiet i statsbudsjettet. Justisminister Emilie Enger Mehl seier i ei pressemelding på Senterpartiets heimesider at stillingane blir rulla ut for å «stoppe sentraliseringa», og varslar at fleire stillingar vil bli rulla ut i løpet av året.
Sør-Aust politidistrikt vil få 16 av desse stillingane. Kvar desse stillingane blir oppretta er opp til politimeisteren, men statsråden kjem med ei klar oppmoding.
– Eg ventar at politimeistarane no fylgjer opp slik at det faktisk blir fleire politifolk, særleg i dei områda som har mista mykje politi. Tida for sentralisering av politiet er over, seier Mehl i pressemeldinga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP