Nye vegnamn: No har nye vegar i Harkjestaullia fått nye namn. Den skaverte, nordre traseen skal heite Nordre Bitumarkvegen, medan avstikkaren sørover heiter Søre Bitumarkvegen.
Vinje kommune
Døypte tre nye vegar i kommunen: – Ein er med og styrkjer vidareføringa av dei nedarva stadnamna
Plan- og miljøutvalet i Vinje vedtok i førre møte kva tre nye vegar i kommunen skal heite.
Alle tre vegane ligg i tilknyting til hyttefelt, to av dei i Harkjestaullii i Rauland, og ein ved Haukelifjell Skisennter.
Sistnemnde er ein avstikkar til ein eksisterande veg, Råsalivegen. Det var ikkje ynskjeleg å bryte nummereringsmønsteret langs denne vegen, som går frå aust mot vest, ved å la dei nye bueiningane langs vegstubben få høgare nummer, ettersom desse ligg lengst mot aust i feltet. I staden ynskte kommunen altså å gje stubben eit nytt namn, kjem det fram av sakspapira.
Kommunen fekk inn framlegg frå grunneigar om å kalle den Råsalistubben, noko både Språkrådet, som har kome med tilråding i begge namnesakene, og rådmannen slutta opp under. Det same gjore politikarane, som samrøystes vedtok namnet Råsalistubben.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP