Grendelåmi 2021: Dette biletet er frå målområdet til Grendelåmi, ved Øyfjell grendehus. Året er 2021, og små og store medlemer av familien Kjellsen frå Skien har nettopp gått i mål.

Dugnadskreftene var klare, men vêret er ikkje på lag med Grendelåmi

Alt var klart for den tradisjonsrike Grendelåmi frå Rauland til Øyfjell skjærtorsdag. Vanlegvis er dette eitt av tre skirenn i regi av IL Dyre Vaa, men i år var det det einaste. No gjer dårleg vêr at også Grendelåmi vert avlyst.

Publisert Sist oppdatert

Tradisjonelt har Grendelåmi hatt selskap av Raulandslåmi i påska. Sistnemnde har gått frå Rauland høgfjellshotell til sentrum på palmesundag, og vêrmeldinga i år var fin.

– Men ingen hadde lyst til å arrangere det, forklarar leiar i IL Dyre Vaa, Ingar Bjørnø.

Han fortel at det tidlegare har vore skigruppa i idrettslaget som har stått for Raulandslåmi. Men dei arrangerer også skikarusellen, og det vart rett og slett for mykje å ha ansvaret for låmi i tillegg.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS