Glad dyrsku-sjef: Her har landbruksminister Geir Pollestad (Sp) nettopp fortalt styreleiar i Dyrsku'n Geir Helge Espedalen at Dyrsku'n får tre millionar. Foto: privat

Dyrsku'n får tre millionar kroner. – Regjeringa har eit mål om å auke sjølvforsyninga av mat, og då treng me auka forståing for matproduksjon

– Eg står med tårer i augo her no, dette her betyr så enormt mykje for oss, seier administrerande direktør i Dyrsku'n, Geir Helge Espedalen.

Publisert Sist oppdatert

Det er laurdag og Vårmarknad, og utanfor administrasjonsbygget på Dyrskuplassen er det eit yrande liv. Men det vert god stemning inne på møterommet også av gladmeldinga frå landbruksminister Geir Pollestad (Sp).

– Dyrsku'n er ei viktig påminning om at bonden står på ryggen av mange generasjonar med hardt arbeid og i ei tid der stadig færre har ei direkte tilknyting til landbruk og matproduksjon, seier Pollestad, som er til stades digitalt for fortelje om løyvinga.

– Regjeringa har eit mål om å auke sjølvforsyninga av mat, og då treng me auka forståing for matproduksjon. Eg meiner at Dyrsku'n er den fremste formidlingsarenaen for alt dette.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS