Ei ny meiningsmåling viser at ein av fire båteigarar meiner det er greitt å køyre båt og drikke alkohol. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Ein av fire båteigarar aksepterer fyllekøyring

Halvparten av dei som mista livet til sjøs i fjor, var ruspåverka. No viser ei ny meiningsmåling at 23 prosent av båteigarar aksepterer fyllekøyring.

Publisert Sist oppdatert

– Det gode vêret borgar for stor aktivitet på sjøen, noko eg sjølvsagt unner alle, men eg er redd nokon kan bli hardt skadde eller missa livet knytt til uheldige situasjonar med båtfyll, seier generalsekretær i MA – Rusfri Trafikk, Elisabeth Fjellvang Kristoffersen.

Ei ny meiningsmåling av Kantar på oppdrag for organisasjonen, viser at 23 prosent av båteigarane meiner det er greitt å køyre båt og drikke alkohol.

I dag er promillegrensa til sjøs 0,8 prosent, medan den er 0,2 prosent for bil.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS