På post: Tom Gunnar Kroken på post i det andre og siste drivet for dagen, heilt på grensa til jaktlaget i Mannås.

Ein fin dag i skogen, men ingen elg å sjå

Berdal jaktlag er eit aktivt lag, og i helga var dei atter ein gong ute i skogen på jakt etter skogens konge. Etter å ha felt to dyr førre helg, er det att tre ungdyr å felle i haust.

Publisert Sist oppdatert

Den vesle grenda Berdal, som ligg mellom Dalen og Åmot, har vanlegvis mykje elg. Men denne dagen hadde elgen gøymt seg godt, og ingen jegerar fekk auga på noko som helst. Nærast kom nokre jegerar på veg til posten, der Tom Gunnar Kroken truleg høyrde noko som kunne vere elg. To minuttar seinare oppdaga han eit ferskt spor, men elgen såg han ikkje.

Frisk luft, sosialt samvær og matauke

Mange ting lokkar folk ut på jakt. Nokre nøyer seg med å vera drivarar, medan andre har børse og nyt spenninga med å sitje på post i von om å felle eit dyr. Kroken er ein røynd jeger som har felt mange elgar opp gjennom åra. Likevel byrja han ikkje med jakt før han var i slutten av tjueåra.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS