Treng sjukeheimssenger: Kommunane i Vest-Telemark må ruste seg for at talet på eldre vil auke, og har laga ei samarbeidsavtale om korleis dei kan hjelpe kvarandre ved sal og kjøp av sjukeheimsplass. (Arkivfoto)
Tone Tveit
Ein kommune skil seg ut: Måtte kjøpe 206 døgn sjukeheimsplass i fjor
Kviteseid kommune bruka i 2024 vel 750 000 kroner på å kjøpe sjukeheimsplass i andre kommunar.
Samla kjøpte kommunen gjesteplassar for 206 døgn av andre kommunar i 2024. Det opplyser fagutviklingssjukepleiar, Kristin Stray Jacobsen, til Vest-Telemark blad.
Døgnprisen varierer frå kommunen til kommune som sel sjukeheimsplassar, men snittet er, ifylgje Jacobsen, på om lag 3700 kroner per døgn. I 2024 utgjorde kjøp av sjukeheimsplassar frå andre kommunar 760 000 kroner.
Jacobsen fortet al det i Kviteseid er 24 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 plass til rullerande avlasting og ein ø-hjelpeplass ved Kviteseid omsorgssenter (KOS).
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP