Eit bedriftsnettverk har fått milliontilskot for å marknadsføre sykkelturisme i både inn- og utland. (Illustrasjonsfoto)
Privat
Éin million til å marknadsføre sykkelturisme i regionen
Styret i Telemark utviklingsfond (TUF) har gjeve éin million kroner til å marknadsføre sykkelturisme og andre typar aktiv ferie i Telemark 2025–2026.
Det er bedriftsnettverket for sykkelturisme i Telemark, leia av Sverre Tveit ved Gautefallheia Hytteutleie og Straand Hotel ved Lars Arne Straand som søkte om tilskot frå TUF. Marknadsføringsstøtta skal bli retta mot den nasjonale og nordeuropeiske marknaden for å vise fram Telemark sine tilbod for aktiv ferie generelt og sykkelturisme spesielt.
Nettverket har eit mål om å gjere Telemark til Noregs sykkelfylke nummer 1.
For prosjektperioden i år og neste år er det åtte nettverksbedrifter: Gautefallheia Hytteutleie, Straand Hotel, Kragerø Resort, Villmarkseventyret, Skien fritidspark, Vrådal Panorama, Nisser camping og Norrøna Canvas Telemark.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP