Ein person smitta av koronaviruset
Sundag melde ordførar Jon Rikard Kleven i Vinje at ein person er stadfesta smitta av koronaviruset i Vinje kommune.
– Personen har vore i utlandet, og truleg blitt smitta der. Personen er i isolasjon i eigen heim, og familien i same husstand er i karantene. Kommuneoverlegen arbeider vidare med smittesporing, melder Kleven på Facebook.