Ein person stadfesta smitta i Kviteseid
Tysdag morgon stadfesta Kviteseid kommune at ein innbyggjar er smitta av covid-19.
«Ein person busett i Kviteseid kommune har testa positivt for korona. Vedkomande er sett i isolasjon. Alle nærkontaktar er kontakta og sett i karantene», melder kommunen.
Nærkontaktane vil bli testa i dag tysdag. Smittevegen er avklart.