To er smitta i Tokke – omfattande smittesporing pågår
Ordføraren beklagar at ein barnehage ikkje blei stengt torsdag kveld.
Tokke-ordførar Jarand Felland la fredag føremiddag ut denne meldinga på Facebook:
«Ein person busett i Tokke er smitta av covid-19. Vedkomande har eit born på ei av dei to småbarnsavdelingane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Småbarnsavdelingane er ein kohort. Tilsette og ungar har ikkje kontakt med storbarnsavdelingane.
Småbarnsavdelingane er stengt for resten av dagen. I går kveld burde det vore teke ei avgjerd om dette, for å vere på den heilt sikre sida. Det beklagar eg at ikkje skjedde.
Meir informasjon vil kome i løpet av dagen.»
Det er småbarnsavdelingane i Dalen barnehage som er stengt.
Kommunen skriv på heimesida at tre personar er i karantene og to i ventekarantene. Fleire prøveresultat er venta i løpet av dagen.
Fredag kveld kom det ny oppdatering frå kommunen:
«Eit nytt smittetilfelle er registrert i Tokke: I dag blei det registrert eit nytt smittetilfelle, etter positivt resultat på hurtigtest. Svar på PCR-test er venta i morgon ettermiddag. Det pågår no omfattande smittesporing. Kriseleiinga har hatt møte i kveld 23.04, og skal ha nytt møte i morgon kl. 19.00. Då er det forventa at svar på PCR-test ligg føre for prøvetaking knytt til begge dei to smittetilfella i Tokke, og kriseleiinga vil då avgjere evt tiltak i høve til smittesituasjonen.»