Stadfesta: Til saman 25 stader på Hardangervidda har no fått både namn og plassering stadfesta av kartverket. Arkivfoto.

Eit bunde og to ubundne skar

Statens kartverk har fatta vedtak om korleis ei rekke stadnamn på Hardangervidda skal skrivast.

Publisert

I vedtaksbrevet heiter det at kartverket har motteke fleire brev frå styreleiar i Hardangervidda Grunneigarsamskipnad avdeling Vinje, Johan Vaa, i samband med skrivemåte og delvis plassering av stadnamn i kartverket sine kart i serien Noreg 1:50 000 som dekkjer Hardangervidda, og at det som fylgje av desse innspela vart reist ei namnesak for å fastsetje rett skrivemåte for offentleg bruk.

– Det var eit prosjekt eg tok initiativ til for om lag 15 år sidan. Det har vore mange rundar, og ein trinnvis prosess som omhandlar endå fleire stadnamn enn dei som no er vedteke, men eg er godt nøgd med at dei endeleg har kome i mål med denne runden, seier Vaa.

Statens kartverk har altså fastslått stadnamn for 25 stader på Hardangervidda, som stat, fylkeskommune, kommune og selskap som er heileigd av offentlege etatar er pålagde å bruke, jamfør stadnamnlova.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS