Eks-kollegaer kraftig ut mot Sjølie-buet
Det er duka for eit kraftig rettsleg basketak mellom konkursbuet til eksadvokat Halstein Sjølie og to advokatar som arbeidde saman med Sjølie i Moss. Dei to advokatane, som har fått krav om tilbakebetaling av til saman 356 000 kroner frå konkursbuet, avviser eitkvart grunnlag for kravet.
Advokatane Marit Winnem og Joanna Paluchowska-Larsen arbeidde begge saman med Halstein Sjølie i Advokathuset Liljedahl i Moss. Den eine er nå blitt stemna for retten, den andre er det teke ut forliksklage mot av bustyraren i Sjølie sitt konkursbu, advokat Lill Kristin Nilsen i Bø. Winnem meiner det er ein formalfeil at bustyrar har teke ut stemning mot henne utan først å gå til forliksrådet. Ho seier difor at hennar prinsipale påstand er at saka må avvisast av retten.
«Nærstående»
Nilsen omtalar dei to advokatane som «nærstående» til eksadvokat Sjølie og nyttar det som grunnlag for å fremje krav om tilbakebetaling. Kravet rettar seg mot det faktum at Sjølie overdrog sin eigarpart på 25 prosent i eigedomen Helgerødgata 57 AS i Moss der advokatfirmaet Liljedahl heldt til. Overdraginga skjedde 20. september 2019, dagen etter at han hadde fortald at han var sett under administrasjon av Finanstilsynet og Tilsynsrådet for advokatverksemd.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP