
To solfylte dagar var 4. klasse frå Rauland skule på overnattingstur til Hovden og Møsstrond turisthytte.

Elevane fortel om turen til Møsstrond. – Tusen takk for ein kjempefin tur
Her deler 4.-klassingane i Rauland korleis dei hadde det på tur til Møsstrond.
Den 31. mars vakna me til eit nydeleg vêr! Midt på dagen vende me snuten mot Møsstrond og Møsstrond Turisthytte. Omgjevnadene og landskapet der er heilt unikt. Kvite vidder bada seg i sol, og langstrakte fjell glinsa i det fjerne. Her, i to dagar med nydeleg vêr hadde me i 4. klasse med ein gjeng foreldre og ei bestemor fått moglegheit til å reise på overnattingstur. Initiativet kom frå foreldra då fire av elevane i klassa bur på Møsstrond, og det er viktig for alle å lære om nærmiljøet sitt.

Aktive
foreldre og nye drivarar
Elvira og Arne Eivind, saman med tvillingane Eline, Victor (8) og hunden Teddy har kjøpt Møsstrond turisthytte, som før var skule og internat. Eline og Viktor kom på besøk. Teddy løp fram og tilbake og tulla med oss. Eline fiksa alt for oss. Madeleine, Jenny og Hege fiksa også masse, så dei fiksa det saman så me fekk det bra. Elvira er snill og Viktor er snill.
(Ragnhild Sandvik og Maimy Jomafjell)
Mat sponsa av Spar Rauland

Me var så heldige, at me fekk all mat frå Spar Rauland. Dei sponsa oss. Maten var kjøttbollar, tomatsuppe og egg til middag. Så fekk me ostesmørbrød med ketchup til kveldsmat. Til frukost fekk me brødskiver og forskjellige pålegg me kunne velje mellom. Lunsjen var ute og det var pølse og brød med ketchup, sennep og lauk. Etterpå fekk me 4 marshmallow kvar.
(Yaromyr Loktionov og Kyrylo Labunets)
Skutertur

På veg burt til internatet køyrde me skuter med Harald Hovden og hunden Trofast. Trufast er ein hund som sit bak Harald på skuteren. Trufast er veldig søt og snill og Hilde er kjærasten til Harald. Me vil takke for skuterturen.
(Eira Svenning Holtberget)
Romma
og internatet

Me søv på internatet. Eit internat er eit hus der elevane kunne sova mens dei var på skulen. På internatet var det mange soverom. Det var også kjøkken, matsal og gang. Før i tida budde det ei husmor der. Husmora vaska klede, laga mat og la ungane på kvelden.
Det var veldig fint der, og det var 1-4 senger per rom.

(Erland Haugen og Emil Andersen, Aasmund Hylland Vågen, Vebjørn Øygarden Ofte og Alf Tore Liljedahl Ekrem)
Kyrkja

Kyrkja på Møsstrond ligg på Hovden. Det er berre to kyrkjer i heile Noreg som framleis har katolsk gravferd og Møsstrond kyrkje er ein av dei. Katolsk gravferd er ein eigen måte å ha gravferd. Ein syng Fader vår mens ein ber og teiknar eit kors i jorda. Oda (Mostaul Hove) sin bestefar og oldemor ligg der. Oldemora jobba som husmor på skulen i 26 år. Oldemora heitte Tora Hove. Bestefar Torgny Hove gjekk på Møsstrond skule. Kyrkja blei bygd i 1850, men brann av eit lynnedslag i 1919. Kyrkja sto klar att i 1923. Oda hadde med seg ei gravlykt til bestefar Torgny.
(Oda Mostaul Hove og Live Solbakken)
Pilking på isen
Etter kyrkjebesøk og middag gjekk me ned til isen. Så bora me hol, tok maggot på kroken også pilka me. Me fekk tre fisk. Dei var ca. 15 cm og alle tre var røye. Vebjørn og Ragnhild hadde reinska fisk mange gonger før, så det gjorde dei igjen.
(Vebjørn Øygarden Ofte og Aasmund Hylland Vågen)

Historieforteljing
om skulen av Inger Lien

Inger Lien har gått på skulen der. Når mor hennar gjekk på skulen der, var storskulen på skulen ein månad og småskulen på skulen ein månad. Inger køyrde skuter, båt, ski og skøyter til skulen. Ho er besta til ei i 4. klasse som heiter Maimy Jomafjell. Inger Lien fortalde om barndommen til mor si, seg sjølv og ungane sine. Me såg film som har vore på Noreg Rundt og Barne-TV av Martin og Tarjei Jomafjell. Me såg òg film når Berit Sandvik køyrde skuleungane i tunet hennar. Berit laga mat til ungane.

(Ragnhild Sandvik og Maimy Jomafjell)
Spelkveld på Hovden
Alle elevane i 4. klasse spelte spel på kvelden. Ein av dei var Oda Mostaul Hove og Live Solbakken. Dei spela yatzy. Oda vant med 144 poeng og Live tapa med 134 poeng.

(Live Solbakken)
Aprilsnarr
Me tok salt og pepar i kaffien til Irja, fordi me måtte ta hemn på Irja. Ho sa under frukosten at me skulle ri på reinsdyr med slede og at me måtte joike. Men den aprilsnarren var litt frekk, så me tok to hemnar. Ute i finvêret kasta me vatn på ho. Ho tok att og spruta på oss, men berre på beina da. Det var veldig moro.


(Emma Nordjordet, Elise Andersen, Thea Rinden Rui og Mia Grete Löschke)
Me pakka
Når me hadde ete frukost, så gjekk me opp på romma og pakka. Eira S. Holtberget kjeda seg så mykje, at ho pakka for Iben Vaa. Over halvparten lika å pakke, og det er ganske overraskande fordi denne klassa er veldig gode på å pakke.
(Iben Vaa og Eira Svenning Holtberget)


Aking på Hovden

Då
me var ferdig med å pakke, reiste me ut å aka. Då aka me på Hovden. Der var ein
lang bakke rett ved sidan av internatet. Harald Hovden og hunden Trofast kom og
køyrde oss til toppen av bakken med skuter fleire gonger. Internatet hadde
mange akebrett me kunne låne.
(Oda Mostaul Hove)
Me grilla

Etter
postløpet grilla me pølser, sponsa av Spar. Me kosa oss. Me fekk også premie frå
postløpet og det var marshmallows! Me var 27 stykk som grilla. Me grilla med
ein plante som kanskje var giftig, sånn at marshmallowen blei litt gul, slik
at me måtte kaste den.


(Iben Vaa og Eira Svenning Holtberget)
Avreise
Etter at me hadde pakka, fått vaska ut og mat i magen, kom Harald Hovden til avtalt tid og skyssa oss over isen igjen med scooter. Tusen takk for ein kjempefin tur, og ekstra takk til Møsstrond turisthytte for eit flott opphald og til Spar Rauland som sponsa all mat til oss.

Me er heldige!