Elevar og tilsette ved Seljord barne- og ungdomsskule er i karantene
Seljord barne- og ungdomsskule har fått melding om at tre tilsette ved skulen er nærkontaktar av ein person med covid-19.
Det melder Seljord kommune onsdag kveld.
I samråd med kommunelegen er det bestemt at klasser og tilsette som har hatt kontakt med desse tilsette skal i «ventekarantene» frå og med i morgon torsdag og fram til prøvesvaret for dei tilsette er klart.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når ein er i ventekarantene gjeld dei same reglane som i vanleg karantene.
Ventekarantene gjeld for desse elevane:
– Alle elevane i 4a, 5b og 9a.
– Fire elevar frå 8a
– 11 elevar ved SFO-ordninga.
Dei aktuelle elevane i 8a og ved SFO-ordninga vil få direkte beskjed av skulen i løpet av kvelden, melder kommunen.
Totalt 15 tilsette er i karantene/ventekarantene. Det er ikkje naudsynt for personar i ventekarantene å teste seg, men dersom ein utviklar symptom på covid-19 må ein kontakte helsesenteret for testing.
Alle andre elevar og tilsette møter som vanleg på skulen torsdag. Familiane til personar i ventekarantene kan møte på skule og arbeid som vanleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er per i dag ingen personar registrert smitta av covid-19 i Seljord.