Elisabeth Nordskog feirar sin hittil største pokertriumf då ho vart noregsmeister i Bratislava.

Elisabeth frå Skafså innkasserte solid pengepremie og vart noregsmeister

Folk flest hadde lagt seg eller var i ferd med å gå til sengs då Elisabeth Nordskog seint onsdag kveld innkasserte sin hittil største triumf som pokerspelar. Det vart både NM-gull og ein fin slump med pengar.

Publisert Sist oppdatert

– Pengane kjem naturlegvis godt med. Men eg synest det er like stas å bli norsk meister for andre gong i år. Denne triumfen heng kanskje litt høgare enn NM-tittelen i januar. Ho er òg verdt meir i kroner og øre, sa Nordskog som er i ferd med å bli ein av dei verkeleg store i norsk poker. 

Det trass i at 32-åringen ikkje satsar like hardt som dei tøffaste konkurrentane. Dei fleste av dei driv med dette på heiltid.

Nordskog er for glad i jobben på ein sportsbutikk på Lade og firmaet ho har, til å leggje alt til side for å bli ein best mogleg pokerspelar. Det er som ho seier – noko med dette med tryggleiken og føreseielegheita.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS