Stort forfall: Forfallet på fylkesvegane bare aukar og aukar – summen for å ordne opp i etterslepet er nær 100 milliardar kroner.

Enorm kostnad for å utbetre fylkesvegane

Statens vegvesen slår fast at det vil koste mellom 85 og 95 milliardar kroner å ordne opp i alt vedlikehaldsetterslepet på norske fylkesvegar.

Publisert

Dette kjem fram i ein artikkel NTB har publisert og som har stått på nettsida til Veier24.

Førre gongen Vegvesenet undersøkte forfallet på fylkesvegane var i 2013. Då rekna ein med at prisen for utbetring var mellom 45 og 70 milliardar kroner, ifylgje NAF.

– Forfallet på vegane er bygd opp over tid, og det vil ta tid å få det ned. Risikoen for å bli drepen eller hardt skadd når du køyrer på ein fylkesveg er nesten 90 prosent høgare enn når du køyrer på riksvegnettet, uttalar pressesjef Ingunn Handagard i NAF, og er klar på at det må kome eit krafttak for fylkesvegane.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS