Fann giftering på bussen

Bussjåfør Halvor Bentsen i Kviteseid fann tysdag ein giftering på bussen. Nå vil han gjerne levere ringen tilbake til eigaren.

Er det du som har mista ringen på bussen til Halvor? – Fortel kva som er gravert inni ringen, så skal du få han tilbake

Tysdag fekk bussjåfør Halvor Bentsen plutsleg auge på noko blankt inne på bussen. 

Bentsen køyrer for det meste skuleruta rundt om i Kviteseid, og etter at elevane var levert tysdag oppdaga han ein giftering som var mista på bussen. 

– Eg plukka ringen opp, men veit ikkje kor lenge han har lege på bussen. Den kan ha vore innom mange andre grender enn her i Kviteseid tidlegare, seier Bentsen. 

Nå vil han gjerne levere ringen tilbake til eigaren. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS