– Etter dialog har eg flytta på vegar og tomter
Etter mange reaksjonar på planen om å fortette med 437 tomter i eit Gautefall-område med 144 hytter, har grunneigar Sverre Tveit vore i dialog med 30 hytteeigarar. Tveit seier han har fjerna fem tenkte nye tomter nær hytta til Mari Heibø.
Nissedølen Sverre Tveit er grunneigaren som har fått utarbeidd forslag til reguleringsplan Felehovet sør og Reinsvatn på Gautefallheia. Planen er å fortette med 437 nye hyttetomter i området der det i dag er 144 fritidsbustader. Det har skapt sterke reaksjonar i høyringsuttaler, der rundt 100 av dei kjem frå hytteeigarar. Ein av dei er Mari Heibø, som går hardt ut mot planen og det ho kallar tapetsering av nye hyttetomter ved hytta si.
Tveit fortel til VTB at han har hatt to synfaringar med Mari Heibø.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Etterpå har eg gjort endringar på planen, seier Tveit.
Han har fjerna tomtene tenkt på svafjellet ikkje langt unna hytta til Heibø, og tatt ut av planen to hytter som var ført opp på det 5,5 dekar store arealet hytteeigaren har på si festetomt. Vidare er vegen tenkt framom verandaen, flytta til andre sida av hytta.
Plan sendt tilbake
Elles fortel Tveit at han bad om ekstra lang høyringstid på reguleringsplanen, fordi han ville ha dialog med hytteeigarane denne perioden.
– Frå juni i år og fram til høyringsfristen gjekk ut 15. oktober har eg snakka med 30 hytteeigarar og hatt synfaring saman med 20. Etter dialogen har eg tatt omsyn og flytta på tomter og vegar, seier Tveit.
Han legg til at verken hytteforeininga i Felehovet sør eller Reinsvatn hyttelag har villa møte grunneigaren i høyringsperioden.
Då formannskapet nyleg hadde reguleringsplansaka, blei ho sendt tilbake til administrasjonen i Nissedal kommune for omarbeiding. Fylkesmannen har fremja motsegn mot planen på tema naturmangfald, avløp og landskap, så snart ventar dialog med kommunen om desse tema.
– Eg er fornøgd med behandlinga formannskapet gjorde, og nå ventar eg på kommunen sitt møte med Fylkesmannen slik at motsegnene blir ordna opp i, seier Tveit.
Han tolkar vedtaket i formannskapet slik at rådmannen har fått fullmakt til å gje føringar for revidering av reguleringsplanen, og då gjeld det også dette med å kunne ta hyttetomter ut av ny plan.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Etter at plansjefen i kommunen har sett nærare på revidering av planen, vil me sjå på korleis planen skal bli endra. Og ein revidert plan ynskjer eg å ha ut på høyring, seier Tveit.
Færre nye tomter
– Kor mange hyttetomter blir det i revidert plan?
– Det er for tidleg å seie, men det blir i alle fall ikkje så mange som 437.
Ingen av dei 144 etablerte hyttene i området er kopla til vass- og kloakknett. Det vil bli gjort før jol på eit område kalla Kragerøåsen. Dei 19 hytteeigarane der har sagt ja til ei slik løysing inkludert veg, og Tveit fortel at dei også godkjenner ei fortetting med 14 nye tomter. Langtidsplanen for Kragerøåsen er 125 tomter, og i dag er det mogleg å realisere om lag 50 tomter, men det er som nemnt snakk om 14 nå.
Grunneigaren meiner dei nemnde tomtetala syner korleis ein svært omfattande reguleringsplan på langt nær vil innebere ei så omfattande fortetting i overskodeleg framtid som mange fryktar.
– For grunneigar er det ynskjeleg å få til ei fortetting i området for å realisere hytteeigarars ynske om veg, vatn og kloakk, seier Tveit.
Utleigehytter på halvøy
Grunneigar Tveit har elles fått reaksjonar på at han ynskjer å byggje ti utleigehytter på ei halvøy ved Reinsvatn i ytterkant av planområdet. Hyttene er teikna inn til å skulle liggje minst ti meter frå vatnet.
– Eg har lyst til å stå på å setje opp utleigehyttene. Men eg får sjå om dei kjem med i neste planforslag og om tomtene framleis er med i planområdet, seier Tveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han har i samband med reguleringsplanen kome med ei eiga orientering om framlegget. Tveit har opplevd stor etterspurnad etter utleigehytter, slike som han ynskjer å byggje ved Reinsvatn med tanke på utmarksbasert reiseliv. Dei enkle utleigehyttene skal bli punktfundamentert. Vass- og avløpsleidningar og straum skal ikkje leggast i skotne grøfter, men skal bli bora i fjell til kvar hytte. Leigetakarane får ikkje køyre heilt fram til hyttene.
Det skal vere mogleg for allmenta å nytte seg av det planlagde felles sanitæranlegget på halvøya, sykkelvaskestasjon og utleige av utstyr. Vidare er det planlagt taugtrekkebåt som folk kan nytte 50 meter på vatn over til Reinsvassodden.
– Prosjektet er skreddarsydd med tanke på sykkelturisme, men eignar seg også særleg godt til vassaktivitetar som padling, bruk av kano og padlebrett, står det i planomtala.
Tanken med utleigehyttene er å ha overnattingstilbod i tilknyting til sykkelløypene på Gautefallheia og Heimdalsheia.
– Betre sti- og løypenett
Elles skriv grunneigaren i orienteringa si at det ikkje er slik at utvikling av hytteområda kjem i konflikt med stiar og skiløyper, slik ein kan få inntrykk av at enkelte hytteeigarar er urolege for.
– Tvert om vil slik utvikling føre med seg investeringar som styrkar dette tilbodet. Planforslaget legg opp til at eksisterande stinett blir tatt vare på, blir lagt om og blir sikra tilkomst ved regulering av nye stiar og vegnett. På sikt vil den planlagde utbygginga innebere ei vesentleg forbetring av det eksisterande løypenettet, skriv Tveit.
Ein annan plass nemner grunneigaren dette om alle fortettingstomtene:
– Eg forstår at det for mange ikkje er ynskeleg med ei slik fortetting, men det er altså eit vilkår kommunen har på bakgrunn av nasjonale retningsliner for miljøomsyn og som eg har følgd opp i planframlegget.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med tanke på høyringsrunden har Tveit formulert seg slik:
– Eg vil oppmode om at ein tek omsyn til kommunens og grunneigars interesser i området når ein gir merknader til planframlegget. Som næringsutviklar og forvaltar av eigedommen legg eg stor vekt på å bidra til å styrke sysselsettinga og næringsinntektene i kommunen. Eg veit ein del hytteeigarar ikkje ynskjer store endringar i området. Det har eg respekt for. Eg forventar den same respekten for at eg som grunneigar skal ta omsyn til interessene til alle hytteeigarane i området, samtidig som ein ynskjer å legge til rette for næringsutvikling og sysselsetting i kommunen.
Fjerde generasjon grunneigar
Olaus H. Dale byrja å legge ut festetomter på Gautefallheia tidleg i 1960-åra, før fylkesvegen over heia var ferdig utbygd. Det blei leigd ut fleire enn 200 festetomter, og av desse ligg om lag tre-fjerdedelar i området Felehovet sør og Reinsvatn. Dale utvikla eigedomen til slutten av 1970-åra, då tre barn overtok.
I 1990 overtok Erling Tveit to-tredelar av eigedomen, og kjøpte resten i 2005. Han starta i 1999 utbygging av Bjønntjønn hyttegrend lengst vest på Gautefallheia. Tveit tok etter kvart, saman med andre aksjonærar i Bjønntjønn Familiepark AS, over Bjønntjønn Fjellgrend i området der restauranten Elgen blei drive ei tid. I 1980-åra var det campingplass på dette området.
I 2014 fekk Tveit godkjent reguleringsplanen for Felehovet nord, ei løysing som saman med det kommunale vass- og avløpsnettet gjennom området opna for fortetting der. Dei siste fem åra er det selt om lag 60 tomter i området.
– Til saman er det skild frå om lag 450 tomter i tida oldefaren min Olaus H. Dale og far min Erling Tveit utvikla eigedomen, står det i ei orientering Sverre Tveit har lagt ved framlegget til den nye reguleringsplanen. Han overtok eigedomen etter faren i 2016.