Illustrasjonsfoto.
Geir Ufs
Få ledige i Vest-Telemark
Tal frå Nav viser det var 4 409 arbeidsledige i Vestfold og Telemark i november, om lag det same som månaden før. I alle seks kommunane i regionen er arbeidsløysa relativt låg.
Berre 0,2 prosent av fyresdølane var registrert som heilt arbeidsledige, den lågaste delen av arbeidsstyrken av alle kommunane i fylket. Kviteseid fylgjer på plassen bak, med 0,6 prosent.
Vinje har 20 innbyggjarar som er registrert som heilt arbeidsledige, men dette tilsvarer likevel berre éin prosent av arbeidsstyrken. Det er den høgaste delen ledige i Vest-Telemark, men det er vel og merke berre dei andre kommunane i regionen som har lågare tal.
Horten har med 2,8 prosent den høgaste graden arbeidsløyse i Vestfold og Telemark og fylket, sett under eitt, har nest flest arbeidsledige per sysselsett på landsbasis.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP