Branntilløp i Fjågesund kyrkje: Alt dagen etter uttala politiet at det var mistanke om at brannen i kyrkja var påsett. – Med bakgrunn i funn og observasjonar som blei gjort på staden er ein av hypotesane at brannen kan vere påsett, uttala politiadvokat ved politiet i Sør-Aust, Margrethe Wigeland Øiestad.
Kristen Salmelid
Fann ikkje brannstiftaren – legg bort saka
12. september 2021 prøvde nokon å tenne på Fjågesund kyrkje. Det nyinstallerte varslingsanlegget som blei montert tidlegare same år redda truleg kyrkja då det lokale brannvesenet fann ein brennande stokk i krypkjellaren under kyrkja. Nå har politiet lagt bort saka.
– Eg har i dag lagt bort saka på grunn av ukjent gjerningsmann. Det er framleis ingen mistenkte i saka, og me kan ikkje sjå fleire etterforskingsskritt eller undersøkingar som er eigna til å finne gjerningspersonen eller gjerningspersonane, seier politiadvokat i Sør-Aust politidistrikt, Kjell Ove Ljosåk, til VTB torsdag.
Ein sundagskveld i september i fjor melde politiet i Sør Aust at det var branntilløp i ventilasjonsanlegget i ei kyrkje i Kviteseid. Det førde til ein del røykutvikling i kjellaren. Politiet melde at brannvesenet fekk raskt kontroll, men så starta etterforskinga der politiet tidleg fekk mistanke om at brannen var påsett via ein av luftelukene til kjellaren.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP